Friday 23 January 2009

Streetart i Bodø?

Eg laga denne bloggen etter å ha tatt ideen ifrå Streetart Bergen. Eg må sei at streetart er noko eg har sett uten å legge merke til, noko som er veldig synd, for som all anna kunst så er streetart vakkert.

Så imorgon skal eg ta kameraet med meg ut på byvandring, se om eg finn nokre motivar som eg kan vise fram. Grus hadde ein artikkel om Bodøs streetart som var ganske nedslåande. Er det slik at det ikkje finns streetart i Bodø? Er det slik at (fin) streetart blir overtagga av andre? Parkenfestivalen 2007 hadde ein utstilling kor streetart var representert, eg vil at streetart skal bli stuereint, for det er fint!

Om du har sett ein eg kan fotografere, send gjerne ein epost til h_brekke(at)hotmail.com og merk eposten med "streetart" fortel kor eg kan finne den, så skal eg dra dit og ta eit bilde, eg treng altså hjelp ifrå publikum.

Oppklistring, spraying og tusjing på andres eiendom uten tillatelse fra eier er forbudt i Norge.

1 comment: